Hopp til hovedinnhold
  • Detalj av hesteutstyr
    1/1
    Detalj av hesteutstyr. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum

Tusen års veghistorie (1992)

Dette var ei utstilling om veghistorikken i Noreg.

Glimt frå vegens historie. I meir enn tusen år har landets kanskje viktigaste ferdselsåre gått gjennom dalen. Dagens trafikk følgjer motorvegen langs Lågen medan gårsdagens reisande følgde stiga frå gard til gard i dalsida. Velkommen til ei reise bakover i vegens historie – frå dagens rette trasear til dei første fotefara. Vegens historie handlar om vegbygging og vegbrukarar. Den fortel også om kva vegen betyr for samfunnet.

  • Utsnitt av et verksted fra tidlig 1900-tall, fra Finnmarkutstillingen
    1/1
    Fra Finnmarksutstillingen. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum

Utstillinga er delt opp i fleire tema:

Glimt frå vegens historie gjennom Gudbrandsdalen

I meir enn tusen år har kanskje den viktigaste ferdselsåra i landet gått gjennom denne dalen. I museet startar vegen i vår tid, så går du bakover i historia jo lengre inn du kjem. Dagens hovudveg følgjer langs elva medan gårsdagens reisande følgde stiga frå gard til gard i dalsida


Finnmark 1930

Aust-Finnmark, lengst nordaust i Noreg, var lenge eit fellesområde med Russland. For å sikra norsk suverenitet sette styresmaktene i gang gruvedrift, nydyrking og bygging av vegar. I mellomkrigstida vart arbeidslause sysselsette med vegarbeid. Vegbygging gjekk stort sett føre seg med handmakt. Utstillinga viser arbeidarens, arbeids- og buforholdet til anleggskokka og ingeniøren.


På veg 1960 - eit multivisjonsprogram

Lysbildeprogram som viser vegutvikling frå 1960-70. I 1960 vart bilen frigitt for kommersielt sal og dei neste tiåra vart bilen allemannseige. Det var optimismens og framstegets tiår, kjenneteikna av utbygging på alle samfunnsområde. 1968 vart eit vendepunkt. Kritiske røyster peika på prisen for velstanden, overforbruk av naturressursar, forureining og krigføringa til vesten i den tredje verda.


Utvikling innan vegplanlegging

Utstillinga viser dei viktigaste endringane i metodar og hjelpemiddel på nittenhundretalet.


Inn i bilalderen

I mellomkrigsåra fekk lastebilen mykje å seia for varetransporten. Etter 2. verdskrig var det varemangel og rasjonering. Berre austeuropeiske bilar kunne importerast. Chevroleten (1927) er ein typisk representant for si tid og formålet sitt. Lastebilar som denne konkurrerte snart ut hestetransporten og fekk eit vidt bruksområde. Denne bilen har vore brukt til transport av mjølkespann, og denne typen transport vart også eit sosialt «bindeledd» mellom fleire bygder.


Trollbilen

Troll-bilane vart laget i Lunde i Telemark. Av den første serien på femten bilar vart berre fem produserte ferdig før fabrikken gjekk konkurs. Den sjette bilen vart laga av delar som var igjen i konkursbuet. Karosseriet er laga av glasfi ber og den har ein tosylindra totaktsmotor med bensininnsprøytning. Bilen er designa i Frankrike.


Maskinhallen

​Her viser me døme på utstyr brukt på veganlegg med vektpå tidleg motorisering. Me kan nemna Drafn veghøvel, som er ei ombygd Fordson traktor og Øveraasen motorvegvals som er produsert på Gjøvik og levert til Statens vegvesen i 1919, og dessutan ein Mogul traktor frå 1917-1919.Traktoren var brukt til trekkmaskin og som stasjonær motor. Ein Dodge lastebil frå 1938 vart brukt til vegvedlikehald sommar som vinter. Elles ser de den første sjølvgåande snøfresaren «Peter-fresen» som er oppkalla etter den sveitsiske konstruktøren sin.


Bruavdeling

I utstillingslokala ser de ein «utleggjarbru». Den lafteteknikken som vart brukt til bygging av slike bruer er kjend frå mellomalderen og var i bruk fram til 1900-talet.


Bilete

Sjå bilete frå utstillinga her

  • Geheng på sort bunn
    1/10
    Geheng. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Mørk bissel med lyse elementer.
    2/10
    Bissel. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Bogtre med florautskjæringer.
    3/10
    Bogtre. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Hodeplagg med motiv av krone, monogram, bannere, kanoner o.l.
    4/10
    Hodeplagg. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Bakside av hodeplagg. Gul brem med motiv av kanon, kuler o.l. Resten av hodeplagget er rød.
    5/10
    Hodeplagg. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Gul veske med krone, monogram, bannere, kanoner o.l i front.
    6/10
    Veske. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Blå vegg med små fotografier.
    7/10
    Fra utstilling. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Gammel trebygning.
    8/10
    Fra utstilling. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Konstruert kontorhjørne med skrivemaskin, telefon o.l fra tidlig 1900-tall.
    9/10
    Fra utstilling. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
  • Plantegninger stilt ut på to vegger.
    10/10
    Fra utstilling. Foto: Ukjent/Norsk vegmuseum
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1