Hopp til hovedinnhold
  • Oversiktsbilde som viser Norsk vegmuseum og uteområdet i front.
    Norsk vegmuseum fra luften. Foto: Ole A. Flatmark/Norsk vegmuseum

Museumsanlegget Norsk vegmuseum

Norsk vegmuseum er eit av Norges største teknisk-industrielle museumsanlegg. Museet inneheld tre museum og ein stor museumspark, med utstillingar ute og inne.

Dei tre musea er Norsk vegmuseum, Norsk fjellsprengningsmuseum og Norsk kjøretøyhistorisk museum. Musea har til saman nesten 5000 kvadratmeter innandørs utstillingar, eit trafikksikkerheitssenter og ein 245 meter lang (berg)tunnel som fortel om fjellsprengingshistoria.

I sommarhalvåret har museet servering i Lysaker gjestgiveri, og ei rekkje arrangement og aktivitetar for besøkjande i alle aldrar. Vegmuseet og Køyretøymuseet er ope heile året (stengt måndagar i vinterhalvåret), medan Fjellsprengningsmuseet er ope om sommaren og for grupper etter avtale.

I museumsparken finn du ei rekkje bygningar som har vore viktige for dagleglivet langs vegane, slik som skysstasjon, landhandel, bensinstasjon og vegvaktarbustad. Her står det også stilt ut mange spennande maskiner.

Alle museumsbygningane ligg i gangavstand til kvarandre, og det er lett tilkomst frå parkeringsplassen til Vegmuseet og Køyretøymuseet.

På museet har vi magasin, lagerhallar, arkiv, fotoarkiv, fagbibliotek og verkstad. Samlingane våre har unike maskiner, bygningar, gjenstandar og lokalhistorie. Norsk vegmuseum er eit nasjonalt museum som og arbeider med å kartleggja, restaurera og forvalta mange gamle vegar og bruer rundt om i landet vårt. Vi skal ta vare på, forska på og formidla dei spora etter tidlegare ferdsel som er ein del av den felles kulturarven vår. Museet samarbeider både med Riksantikvaren, fylkeskommunar, kommunar og private for å få til dette. Norsk vegmuseum har fleire anlegg rundt i landet som bidreg til å ta vare på Statens vegvesen si lange historie. Norsk vegmuseum forvaltar samlingar i: Hunderfossen, Ørje, Dirdal, Labro, Stiklestad og Skiipagurra.

 

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 2