Hopp til hovedinnhold
  • Bilde av teleløsning på Sørlandske hovedveg (E18) ved Haukerød i Stokke.
    1/1
    Teleløysing på Sørlandske hovedvei (E18) på Haukerød i Sandefjord april 1937 . Foto: Ukjend fotograf

Foto- og filmsamlinga

Norsk vegmuseum har ei stor samling fotografiar frå ca. 1900 og fram til i dag. Det aller meste er papirbilete, men noko av det eldste materialet er i form av glasplater. Det er òg noko negativ og lysbilete i samlinga. Mykje av materialet er skapt i samband med arbeid for Statens vegvesen, og kjem frå ingeniørar, oppsynsmenn, planleggjarar og andre som har dokumentert arbeidet til etaten gjennom tidene. Me har òg ein god del bilete knytt til veg, landskap, køyretøy, fjellsprenging og anlegg som er gitt i gåve frå private og firma.

Museet har òg ei relativt stor samling film, fordelt på 8 og 16mm smalfilm og ulike videoformat, det meste frå perioden 1950-2000. Samlinga består av både dokumentasjonsfilm frå anlegg og byggjeaktivitetar, og opplysningsfilm knytt til trafikktryggleik. Noko av materialet er skapt av Statens vegvesen, men det kjem òg mykje frå private arkiv, mellom anna ei omfattande samling av Selmer/Furuholmens byggje- og anleggsaktivitet i etterkrigstidas Noreg.
 
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1