Ansvar for kulturminne i Statens vegvesen
Norsk vegmuseum har det faglege ansvaret for at Statens vegvesen tek vare på eigne kulturminne og varetek det sektoransvaret som regjering og storting har pålagt etaten gjennom kongeleg resolusjon (kongeleg resolusjon av 1. september 2006).
Kongeleg resolusjon av 1. september 2006:
«Staten sine eigedommar skal forvaltast på ein slik måte at dei kulturhistoriske og arkitektoniske kvalitetane til bygningane vert tekne vare på og synsleggjorde. Ansvaret for dette ligg hos dei statlege eigedomsforvaltarane».
For Statens vegvesen gjeld dette ansvarsområdet vegar og bruer, bygningar og andre vegrelaterte kulturminne.
Nasjonal verneplan
Ein sentral del av arbeidet er knytt til dei 211 lokalitetar med omtrent 450 enkeltminne som i dag blir omfatta av Statens vegvesens nasjonale verneplan frå 2002. Verneplanen viser eit representativt og prioritert utval av m.a. vegmiljø, enkeltvegar, vegstasjonar, bruer, bygningar og ferjeleiger. Mange av desse kulturminna representerer pionerarbeidet i norsk offentleg vegutbygging, og er spesielt interessante på grunn av det krevjande landskapet dei vart bygget i. Verneplanen kan lesast i sin heilskap i linken under.
Bevaring av Statens vegvesens kulturminne
For å bevare objekta i verneplanen er det viktig og nødvendig å gjennomføre vedlikehalds-, istandsetjings-, og restaureringstiltak. Dei siste åra har vi gjennomført fleire istandsetjings- og formidlingsprosjekt der etaten har samarbeidd med private og offentlege etatar.
Strynefjellsvegen
Hausten 2020 markerte Statens vegvesen og samarbeidspartnarar opninga av den nyrestaurerte Strynefjellsvegen. Strynefjellsvegen vart bygget som ein av dei første turistvegane på slutten av 1800- talet, og går frå Stryn i vest til Grotli i aust. I løpet av åra hadde vegen forfalle og vorte nedsliten av tunge køyretøy, og murar, grøfter og stikkrenner var til slutt heilt dekt av grus og vegetasjon. No er vegetasjonen rydda og grusen fjerna slik at vegen har fått tilbake det opphavlege uttrykket sitt.
Smia – istandsetjing av ein verkstad
Smia på Vegsletta i Vadsø er ein freda bygning frå 1946, og består av verkstad og smie. Verkstaden vart brukt i samband med drift av vegar, og smia var ein viktig del av verkstaden for å lage reiskapar og maskindelar. Bygget er freda etter kulturminnelova, og er oppført i Nasjonal verneplan. Smia har lenge hatt behov for vedlikehald. I 2011 vart det laget ein tilstandsrapport for bygget som viste behov for omfattande istandsetjing av eksteriøret. I 2013 og 2017 vart det gjort eit stort restaureringsarbeid der tak, portar, vindauge og fasade vart reparert etter kulturminnefaglege prinsipp. Verkstaden er no ein godt vareteken bygning.
Kongevegen over Dovrefjell
I samarbeid med fleire partnarar, gjennomfører vi også større istandsetjingsprosjekt som prosjektet Kongevegen over Dovrefjell. Vegen vart laga til på byrjinga av 1700-talet som den første offentlege vegen over eit høgfjellsområde i Noreg. Målet med prosjektet er å setje i stand og leggje til rette vegen slik at han kan bevarast og brukast som ein historisk vandringsveg. Slike prosjekt er viktige for å sikre ei lokal og regional forankring av kulturminna, samtidig kan tilrettelegging av lengre historiske strekningar framme folkehelse og næringsutvikling, og inngå i reiselivssatsinga i området. Formidling er også ein viktig del av arbeidet for å sikre ei framtidig bevaring av kulturminnet Kongevegen. Du kan lese meir om prosjektet i forprosjektrapporten frå 2018 og sjå nettsida for prosjektet for oppdatert informasjon.
Kongevegen over Filefjell
Tidlegare har Statens vegvesen leidd arbeidet med å setje i stand Kongevegen over Filefjell. Vegen vart laga til på 1790-talet, og gjorde det mogleg å køyre med hest og vogn over fjellet. Tillaginga av Kongevegen over Filefjell var avgjerande for å betre samferdselen mellom aust og vest. I dag er vegen ferdig restaurert og tilrettelagt som ein historisk vandringsveg. Les meir om prosjektet Kongevegen over Filefjell i linken under, og sjå nettsida for oppdatert informasjon om den historiske vandringsvegen.