Norsk vegmuseum
Norsk vegmuseum er etatsmuseum for Statens vegvesen, og opna i 1992.
Frå å være eit museum for historia om vegen og vegbygginga i Noreg, har Norsk vegmuseum og etablert Norsk fjellsprengningsmuseum og Norsk kjøretøyhistorisk museum. Alle anlegga er samla på Hunderfossen nord for Lillehammer.
Hovudbygningen på Norsk vegmuseum har ei stor permanent utstilling. Der ser du korleis veger blei til, kven som bygde dei, og kven som brukte dei opp gjennom historia. Her kan du lese runer på ein runestein som fortel om kor viktig det var med bruer alt den gongen, du møter ein småfrekk skyssgut, og du høyrer korleis bøndene klaga når kongen kravde at dei skulle arbeida på vegen. Det er og roterande temporære utstillingar i museet utanom den faste utstillinga.
I tillegg til utstillingar har vi ein museumsbutikk, og sal av snacks og mineralvatn. Her er og eit stort auditorium og andre møtelokale. Det er i denne bygningen du finn administrasjonen vår, og dei fleste kontora på museet.
Museet har ein stor museumspark som er open for besøkande heile året. Her er det skysstasjon, arbeidsbrakker, smie og landhandel. Du kan beundre store maskiner, bruer, gå tur, leike og oppleve spanande veghistoriske miljø sommar som vinter. Området er fint til barnefamiliar. Om sommaren vil det være opne bygningar og ulike aktivitetar som blir annonsert.
Museet har mange rullestolvennlege bygningar, dvs. nesten ikkje trapper. Det er heis i hovudbygget, og alle rullestolar som ikkje er større enn normalt går inn i heisen. For større rullestolar hjelper personalet på museet med alternative løysingar. Spør gjerne før du kjem.
Vi har rullestolar til utlån som er fine innandørs.
Museumsparken har grusveger, og det er enkelt å ta seg frem.