Hopp til hovedinnhold
  • Bilde fra utstillingen Uvirkelig virkelighet. Motivet er flere bilvrak oppå hverandre.
    1/1
    Bilete frå utstillinga. Foto: Jan R. Høynes Jan R. Høynes

Uvirkelig virkelighet (2014)

Gjennom utstillinga "Uvirkelig virkelighet"

 inviterer kunstnaren Jan R. Høines publikum med på ei reise uavhengig av tid og rom. Sjølv om Høines bileta sine har eit autentisk og nostalgisk uttrykk mange vil kjenna seg igjen i, er dette berre ein illusjon. Bileta er kunstnaren si eiga tolking av "røyndommen", ofte med utgangspunkt i gamle fotografi eller filmmotiv, der han manipulerer "sanninga" sli kat ho får endra betydning. Med nærværet av melankolske undertonar får me samtidig ei oppleving av sårbarheita i tilværet forgjengelegdom - augneblinkane kjem aldri tilbake. Representerer minnet den verkelege røyndommen eller den røyndommen me ønskjer å hugsa?

Høines tek i bruk fleire teknikkar for å oppnå det særeigne uttrykket i bileta sine. Penslar, pastellar, fotomanipulasjon, måleri og digitale medium er ofte i ei form for blandingsteknikk, men også i ei meir reindyrka form.

Jan R. Høines er fødd i 1955, og voks opp på Hedemarken. Han flytta til Oslo-området i 19-årsalderen, og fekk i byrjinga av 20-åra lidenskapeleg interesse for fotografering. Eit av bileta hans vart nytta i boka "Ta vare på Oslo", noko som vekte interesse for byhistorie og byvandring med kamera. Høines arbeidde opphavleg mange år innan helsesektoren, men den kreative delen av hans person kravde stadig meir plass. Han fullførte etter kvar toårig kunstskule på "Strykejernet" og eit år på Oslo Teikne- og Maleskole.

  • Bilde fra utstillingen Uvirkelig virkelighet. Bymiljø med eldre kjøretøy i gate med fotgjengere.
    1/1
    Bilete frå utstillinga. Foto: Jan R. Høynes

Gjennom arbeidet sitt i helsesektoren med eldre menneske opplevde Høines at han etter kvart fekk overlevert "historiske dokument" i form av historier frå personar som ofte var fødde før 1900. Mange av historiene var henta frå Lille hammarområdet, og vart ei unik kjelde til forståing av utviklinga til staden.

Høines var med på oppstarten av Døla Atelier i 2000, og har vore med sida. Der har han hatt to separatutstillingar.

Kven "eig" historia? Representerer skriftlege og materielle objekt "sanninga"? Målar me alle bileta våre av fortida? Veghistoria er kompleks og omfattande. Den grip inn nær sagt alle delar av samfunnsutviklinga, og rommar såleis ikkje berre ei historie, men mange historier. Norsk vegmuseum har eit nasjonalt ansvar for å forvalta denne historia, men objektivet som vitskapsideal er vanskeleg å sameina med alle svara som finst.

"Uvirkelig virkelighet" kan for nokon vera ein døropnar til ei alternativ tolking av historiske forløp generelt, og veghistorie spesielt. Gjennom Jan R. Høines bileta sine blir me engasjerte i grensesnittet mellom røyndom og fantasi. Teknikkane til kunstnaren og særeigne forkjærleik for urbane miljø, veg, menneske og køyretøy kan bidra til ein sjølverkjenningsprosess der me blir tvinga til å setja spørsmålsteikn ved dei etablerte sanningane om menneska og vegen. I verste fall kan kunsten bidra til ny, vitskapleg erkjenning.

Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 2